– Eg spurte meg sjølv: Viss eg fritt kunne velga; kor i Sauda ville eg aller helst budd? Kor er det naturskjønt og solrikt – og god utsikt? Svaret gav seg sjølv: Fløgstadåsen, seier Dagfinn Birkeland.
Firmaet D-S Eiendom as, med Dagfinn Birkeland i spissen, søker nå Sauda kommune om å få dela ifrå eit areal på cirka 200 mål på eigedommen til Edvin Halsnes i Saudasjøen. Firmaet ønsker å regulera arealet til bustader/fritidsbustader og utvikla eit splitter nytt bustadfelt i skogen. Viss kommunen går med på å skilja ut arealet, vil Birkeland kjøpa området og starta arbeidet med ein reguleringsplan.
– Går alt etter planen kan me ha ein reguleringsplan klar til politisk behandling utpå seinvåren neste år. Kanskje kan dei første bustadane stå innflyttingsklare i løpet av seinhausten 2015 eller våren 2016, seier Dagfinn Birkeland.
Les fleire kommentarar i papirutgåva eller last ned e-avis her.