Ny runde med Trebøen-namnet

Ein liten bokstav kan velta eit heilt kommunalt vedtak.

Oddvar Årthun og sonen Kai Saua Årthun har i fleire år vore frustrert over at kommunen på papiret har ”tvangsflytta” dei til Gunnarsmoen eller Rød. Karane ønsker å ha gardsnamnet ”Trebøen” som adresse, eit namn dei meiner har vore i familien i generasjonar. Tidleg i september i år søkte Kai Saua Årthun om eit såkalla adressetilleggsnamn. Svaret kom denne gongen kjapt frå kommunen, som då godkjente Trebøen som adressetilleggsnamn. Men så, denne veka, kom ein ny beskjed frå kommunen. Det viser seg nemleg at vedtaket er ugyldig ettersom Trebøen ikkje er offentleg godkjent skrivemåte for namnet. Den einaste skrivemåten som er offentleg godkjent er Træbøen, altså med æ.

Kommunen vil nå oppretta namnesak og vil anbefala kartverket til å godkjenna Trebøen som skrivemåte for gardsnamnet.

– Kommunen har uttalerett og stadnamntenesta vil gi ein uttale før vedtak. Det vil dessverre ta tid før ei namnesak blir avgjort, men me vil gjera alt me kan for at Trebøen blir godkjent skrivemåte, skriv kommunens Ørjan Djuv og Marianne Tangeraas i brevet til folket på Trebøen/Træbøen.