SAK: Rådmann Wictor Juul skal sjå på om Sauda kan vera interessert i å vera vertskommune for eit asylmottak. (Arkivfoto: Linda M. Lie)
SAK: Rådmann Wictor Juul skal sjå på om Sauda kan vera interessert i å vera vertskommune for eit asylmottak. (Arkivfoto: Linda M. Lie)

Asylmottak på sakslista

Formannskapet ber rådmann Wictor Juul jobba fram ei sak om asylmottak.

I juli i år fekk Sauda kommune ein epost frå Norsk Mottaksdrift as, eit firma som driftar asylmottak i Norge etter oppdrag frå Utlendingsdirektoratet (UDI). I eposten inviterer selskapet til dialog for å eventuelt finna ut om Sauda er ein aktuell plass for eit nytt statleg asylmottak med plass for rundt 100 asylsøkarar. Eit slikt mottak kan sysselsetta inntil ti personar, og vertskommunen vil også få ekstra statlege midlar til nye stillingar innan barnehage, skule og helse.

I formannskapsmøtet tysdag blei førespurnaden tatt opp av ordførar, Frode Sulen, under punktet ”Eventuelt”. Han lurte på om det var aktuelt for formannskapet å be rådmannen om å laga ei sak på dette. Sjølv om både Karl Erik Handeland (Sp) Ivar Tangeraas (H) og Knut Atle Seim (H) var skeptiske, blei det vedtatt at formannskapet ber rådmannen om å legga fram ei sak om asylmottak til kommunestyret.

Ansvarleg for eigedom og mottaksetablering hos Norsk Mottaksdrift as, Trond Kristoffersen, er glad for at Sauda kommune tar førespurnaden seriøst og at saka får ei politisk behandling.

– UDI er på desperat jakt etter fleire asylmottaksplassar. Me har sendt same epost til hundre norske kommunar. Nokre stiller seg positive til førespurnaden, men dei aller fleste høyrer me aldri noko frå. Det er i grunnen som forventa, seier Kristoffersen.

Han presiserer at det per i dag ikkje eksisterer konkrete planar om å legga eit asylmottak til Sauda.