*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
SJEF: Ole Reidar Ljung (til høgre) har kjøpt seg inn i faren, Rolf Arild Ljung, sitt firma Sauda Varme & Bad. Nå blir 25-åringen ny dagleg leiar i røyrleggarfrmaet. (Foto: Ingvil Bakka)

Leiarskifte i Sauda Varme & Bad

Firmaet blir nå hundre prosent eigd av familien Ljung – og blir ei rein saudabedrift.

– Det blir mykje jobbprat rundt middagsborda, ja. Det blir vel ikkje akkurat mindre nå, vedgår Rolf Arild Ljung, eigar i aksjeselskapet Sauda Varme & Bad.

Sonen Ole Reidar Ljung har nå kjøpt opp aksjane som suldølen Svein Klungtveit har hatt i firmaet. Med dette har far og son Ljung kvar sin halvpart av aksjane i røyrleggarfirmaet i Saudasjøen.

Sauda Varme & Bad blei etablert i desember 2004 av saudabuane Rolf Arild Ljung og Gunnar Birkeland og suldølen Svein Klungtveit. Eit par år seinare trekte Birkeland seg ut og Rolf Arild Ljung overtok aksjane hans i firmaet. Suldølen Svein Klungtveit, som driv røyrleggarfirma på Sand, har i alle åra hatt aksjemajoriteten og har vore dagleg leiar i Sauda Varme & Bad. Nå vil han konsentrera seg om bedrifta si i Suldal, som i dag har 27 tilsette.

– Det har lenge vore planen at når Ole Reidar Ljung fekk papira sine iorden skulle eg trekka meg ut. Han er flink, skikkeleg flink, og kan verkeleg faget sitt. Eg har full tru på at han får det til, seier Klungtveit.

Ole Reidar Ljung har jobba saman med far sin i Sauda Varme & Bad sidan han var 17 år gammal. For fire år sidan var han ferdig utdanna røyrleggar.

– Etter dette har eg budd litt vekke, studerte i Spania og var ferdig med meisterfagskulen for eitt og eitt halvt år sidan, fortel Ljung.

Det siste halvanna året har han jobba i Sauda Varme & Bad på heiltid og den unge saudamannen har for det meste tatt ansvaret for den daglege drifta av firmaet i Saudasjøen.

– Eg liker meg her og eg hadde rett og slett lyst til å satsa på firmaet, seier han om aksjeoppkjøpet.