*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
TOMT: Sauda kommune vil tillata eit leilighetsbygg på grøntområdet midt i biletet. Det liker ikkje Fylkesmannen i Roogaland. (Foto: Ingvil Bakka)

Ueinig med formannskapet

Fylkesmannen i Rogaland liker dårleg planane om leilighetsbygg i Saudasjøen.

Me har påklaga vedtaket til formannskapet. Nå må politikarane i Sauda ta stilling til om dei skal ta klaga til følge eller stå fast på vedtaket sitt, seier Knut Harald Dobbe, saksbehandlar hos Fylkesmannen i Rogaland.

Dersom Sauda kommune vel å ikkje gjera om vedtaket sitt vil saka enda hos ein sette-fylkesmann, mest truleg Fylkesmannen i Vest-Agder, som med det får det siste og endelege ordet i saka.

– Viss sette-fylkesmannen tar klaga til følge kan det ikkje byggast leiligheter på denne tomta i Saudasjøen, forklarer Dobbe.

Ryfylke Bygg as søkte i november i fjor om å få føra opp eit leilighetsbygg med tre universelt utforma leiligheter i rekke på dyrka mark i Saudasjøen. Den omsøkte tomta ligg i arealdelen i kommuneplanen i eit såkalla landbruks-, natur- og friluftsområde. Kommunen var likevel positiv til planane og var innstilt på å gi dispensasjon frå regelverket.