VANN: A-laget til Sauda vann sin første heimeseriekamp i sesongen då dei slo Ølen 4-1 torsdag kveld. (Foto: Ingvil Bakka)
VANN: A-laget til Sauda vann sin første heimeseriekamp i sesongen då dei slo Ølen 4-1 torsdag kveld. (Foto: Ingvil Bakka)

Vann fortent over Ølen

A-laget til Sauda slo Ølen 4-1.

– Endeleg ein heimesiger. Me var veldig klare for å ta tre poeng, fortel Andre Lilleskog, kaptein på Sauda sitt a-lag i fotball.

Torsdag møtte Sauda botnlaget Ølen til sesongens siste seriekamp på Sauda stadion. Sauda tok raskt leiinga etter bare seks minutt ut i første omgang. Eit frispark frå Jarl Larsen, nær midtbanen,  blei lagt inn i feltet der kaptein Lilleskog fekk heada ballen inn bak ølenkeeper Andres Mattingsdal.

Til pause var stillinga 3-1 til Sauda, medan sluttresultatet blei 4-1.

– Me hadde ei god tone i laget og folk jobba godt for kvarandre. Spesielt kjekt var det å sjå dei unge spelarane våre som ikkje var redde i duellane, seier Lilleskog.

Les meir i papirutgåva tysdag.