*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
ID-FEST: Komande laurdag feirer muslimske saudabuar slutten på fastemånaden Ramadan. Festen, som er open for alle saudabuar, blir i år arrangert saman med Eramet, kommunen og den norske kyrkja. Frå venstre: Prest Espen Gya, soknerådsleiar Per Aksel Birkeland og Mohamed Isse Mohamed, som er innflyttar frå Somalia.

Inviterer til Id-fest

Muslimske og kristne saudabuar går saman for å feira at Ramadan er slutt.

– Me er alle menneske og har vår tru. Eg meiner det er viktig å snakka saman og bli kjent med kvarandre. For, sjølv om me tilhøyrer ulike religionar har trua vår fleire likskapar, seier Espen Gya, sokneprest i saudakyrkja.

Komande laurdag vil saudapresten bli med på feiringa av den muslimske høgtida ”Id al-adha”, som markerer at fastemånaden Ramadan er avslutta.

Kyrkja, Eramet og kommunen har seks gonger sidan 2003 stått bak ulike tilstellingar med fokus på kyrkja si rolle i industrisamfunnet. Arrangementa har hatt varierte undertema, som for eksempel verdival i krisetider og barn og unges oppvekstvilkår.

Nå trør dei til igjen, og rettar denne gongen fokuset mot innflyttarane i Sauda.

Kommunen har sidan hausten 2009 tatt imot og busett til saman 86 flyktningar frå Afrika. 24 av desse er barn.

Ein komite jobbar nå med planane om eit stor-arrangement i løpet av første halvår 2014.

Id-festen komande laurdag er også ein del av dette, der festen nå blir eit samarbeid mellom dei innflyttarane, kyrkja, Eramet og kommunen.

– Me muslimar har feira Id i Sauda fleire gonger før. Men då har me kun invitert med oss lærarar, venner og kjente. Nå vil me at alle saudabuar som vil blir med oss på feiringa, seier Mohamed Isse Mohamed.