Manglande ruteopplysning skaper frustrasjon

Både ved busshaldeplassen ved drosjehytta og på hurtigbåtkaien i Sauda, har det i lengre tid mangla ruteopplysningar til dei reisande. Dette har ført til fleire førespurnadar om kva tid bussar og hurtigbåt går. Førespurnadane gjeld bussane til Ropeid og Ølen, ikkje dei som trafikkerer lokalt i Sauda.

– Dette er Tide og Norled sitt ansvar, uttalar direktør i Kolumbus, Odd Aksland.

Kolumbus leiger inn Tide og Norled for å drifta kollektivtilbodet i Rogaland, blant anna på hurtigbåten frå Sauda til Stavanger, og bussar til Ropeid og Ølen. Dermed ligg ansvaret for den manglande ruteopplysninga i Sauda hos desse selskapa. Aksland viser til at Kolumbus trykkar opp rutetabellar og skaffar materiell i samband med ruteopplysning. Tide og Norled er ansvarlege for at desse blir hengd opp og er synlege for passasjerar, samt å bestille nytt materiell ved behov. Kolumbus vil nå ta saka om dårleg ruteopplysning i Sauda vidare og sørga for tilfredsstillande ruteopplysning.