Hugs å stille klokka

Natt til søndag skal klokka stillast ein time tilbake frå klokka 03.00 til 02.00. Det har vore ei regntung veke, noko som tyder på at sommaren er over. I Norge har vi hatt sommartid sidan 1980, og for mange kan det vere vanskeleg å hugse kva veg ein skal stille klokka. Ein grei hugseregel er at klokka alltid skal stillast mot nærmaste sommar. Det betyr ein time fram om våren og ein time tilbake om hausten.