*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
ØNSKER NÆRLEIK: Då Jaquelin Koopman og familen budde i den nederlandske byen Drunen låg legevakta i nabobyen Waalwijk, men ein biltur dit tok bare fem minutt. Også i Sauda, der familien har budd sidan 2010, har legevakta vore få minutt unna heimen. Koopman meiner at ein legevaktstasjon i Ølen, over ein time frå Sauda, ikkje er eit godt beredskapstilbod til innbyggarane. Ho vurderer flytting.

Vurderer å flytta frå Sauda

Nederlandske Jaqueline Koopman synest det er vanskeleg å sjå føre seg ei framtid i Sauda dersom legevakta blir lagt til Ølen.

– Eg vil ikkje bu på ein stad utan legevakt. Helse og trygghet er viktig for meg, seier Jaqueline Koopman.

Saman med mann og to barn flytta ho til Sauda i desember 2010. Koopman, som er utdanna ingeniør, fekk jobb i kommunen der ho blant anna har hatt byggeleiaransvar for ungdomsskulen – ein fast jobb som hadde få søkarar då den blei lyst ut for tre år sidan. Ektemannen fekk jobb som forskalingssnikkar i AS Forskaling, medan borna fekk plass i barnehage.

– Me har to barn på fem og seks år, og har brukt legevakta fleire gonger. Det er trygt å vita at det bare tar oss fem minutt å kjøra til vakthavande lege, seier Koopman.

I åra 2007-2010 la Sauda kommune ned mykje arbeid i Placement-prosjektet, som skulle få viktig, utanlandsk arbeidskraft til Sauda. I løpet av desse åra flytta fleire nederlandske familiar til bygda, blant dei familien til Jaqueline Koopman. Varaordførar Laura Seltveit var ordførar i Sauda under Placement-prosjektet. Ho synest det er trasig at legevakt-saka fører til at folk vurderer å flytta frå Sauda.

– Men eg oppmodar Koopman og andre til å komma på folkemøtet i midten av november. Der kan ein stilla dei viktige spørsmåla og få informasjon om planane, seier Seltveit.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.