*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
LEGEVAKT: Sauda Vekst-leiar Inge Løyning meiner Sauda står framfor ei viktig avgjerd når bygda om få månader må bestemma seg for å anten behalda legevakta i Sauda eller bli med på eit interkommunalt legevaktsamarbeid, med base i Ølen.

Ber om risiko- og sårbarhetsanalyse

Sauda Vekst følger legevaktsaka tett, men ønsker meir fakta på bordet.

– Me er blitt utfordra på å meina noko, men føler at me, innbyggarane og politikarane treng meir informasjon om følgene av ei legevaktflytting, seier Inge Løyning, dagleg leiar av næringslivsselskapet Sauda Vekst.

Løyning håper nå kommunen om å skaffa ein risiko- og sårbarhetsanalyse slik at alle følger ved ei eventuell legevaktflytting blir skikkeleg belyst før saka skal opp til politisk behandling utpå nyåret.

– Det hastar, ja. Men eit klokt vedtak må ta den tida det tar. Viss dette betyr at eit vedtak må utsettast til mars, så må me likevel gjera det. Dette er ei kjempeviktig sak for heile saudasamfunnet, seier vekstleiaren.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.