*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
FÅR NY LEIAR: Snart vil ein ny avdelingsleiar hjelpa dei sju legane som jobbar ved Sauda legesenter med viktig administrativt arbeid. Frå venstre: Fatima Anjum, Anne Ruth Syrtveit Mikalsen, Inga Cecilie Sørheim, Flemming Moesgaard, Kristine Kaatorp (turnuslege), Barbro Saltnes og Win Min Oo (vikarlege).

Legane vil til Ølen

Alle sju legane ved Sauda legesenter meiner at både dei og innbyggarane er best tent med ei interkommunal legevaktteneste.

– Me er heilt klart for eit legevaktsamarbeid med nabokommunane. Men, så klart; me forutset at Sauda då har ei forsvarleg ambulanseteneste og ei fungerande transportteneste, seier dokter Inga Cecilie Sørheim, som har jobba ved Sauda legesenter sidan 1. oktober.

Midt i diskusjonane rundt den føreslåtte legevaktflyttinga står hovudpersonane sjølv, legane ved Sauda legesenter. Alle sju legane, av dei fem fast tilsette, ein vikarlege og ein turnuslege, er enige om at dagens vaktordning bør vika for ei felles legevakt med nabokommunane. I dag jobbar legane i ei såkalla ”6,5-delt vakt”, der legane har vakt ein vekedag kvar i tillegg til kvar sjette helg. Kvar sjette veke har dei heilt vaktfri. I snitt betyr dette at legane har vakt litt meir enn eitt døgn i veka. Nå vil legane heller rullera på å gå skift ved ein bemanna legevaktsentral i Ølen. Ei ordning som betyr travle og intense, men langt sjeldnare, vakter.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.