*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
SPÅR ENDRINGAR: Kommuneoverlege Knut A. Omdal trur at Sauda i framtida kan bli ein del av eit endå større legevaktdistrikt, då med base i Haugesund. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Spår meir sentralisering

Kommuneoverlege Knut A. Omdal meiner at framtidige krav frå styresmaktene vil tvinga fram endringar av legevaktorganiseringa.

– Organiseringa av legevakta i dagens Norge har halta etter den øvrige utviklinga av helsetenesta utanfor sjukehus. Organiseringa har i mange kommunar vore uendra i ein mannsalder. Samstundes står legevakta for dei fleste feila som blir gjort innan helsevesenet. Det er derfor nødvendig å betra kvaliteten på dagens legevakt i Norge, seier kommuneoverlege Knut A. Omdal.

Han ser føre seg at legevaktsentralen i Ølen vil kunna bli oppretthalde som eit eige legevaktdistrikt, sjølv med ei etablering av eit felles legevaktdistrikt for heile Haugalandet. Han utelukkar ikkje at det kan bli aktuelt at legevakta i Ølen er open til klokka 23.00 om kvelden og at legevaktsentralen i Haugesund overtar vakta på nattestid. Legane som er tilknytt ølensentralen vil då ha bakvakt.

– Dette kan gjerast på same måte som det i dag blir gjort i andre kommunar i Ryfylke. Legane i Hjelmeland, Finnøy og Rennesøy har primærvakt i desse kommunane fram til klokka 23. Om natta har legevakta i Stavanger primærvakt, og legevakta i ryfylkekommunane har bakvakt, det vil seia at dei eventuelt blir kalla ut til alvorlege hendingar, seier kommuneoverlege Knut A. Omdal.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.