*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
Tysdag kveld heldt kommuneleiinga folkemøte om interkommunalt legevaktsamarbeid. Kommuneoverlege Knut A. Omdal (frå venstre) og prosjektleiar for det interkommunale helsesamarbeidet, Aslaug Tangeraas, informerte ein fullsett kinosal om konsekvensane ved ei eventuell flytting av legevaktsentralen til Ølen. Til høgre sit kommunalsjef helse, Aina Olene Tveit.

Frykt og kriser prega folkemøtet

Mange spørsmål om krise- og nødssituasjonar frå ein fullsett kinosal.

Kionosalen var heilt full då ordførar Frode Sulen opna møtet tysdag ettermiddag. Så stort var oppmøtet at salen var full og dørene blei stengt fem minutt før møtet starta.

Kommuneoverlege Knut A. Omdal informerte først om planane om legevaktsamasrbeidet og om status på legesituasjonen i Sauda i dag. Deretter fekk legevaktsjef i Sunnfjord og Ytre Song, Øystein Furnes ordet. Han fortalde om erfaringane frå det interkommunale legevaktsamarbeidet i hans distrikt, der ni kommunar med tilsaman 34 000 innbyggarar har ein felles legevaktsentral i Førde.

Etter at legane møtet fekk publikum i salen mulighet til å stilla spørsmål.

Dei fleste av spørsmåla frå salen dreidde seg om kva som ville skje dersom alvorlege situasjonar inntraff i Sauda og legevakta var lokalisert i Ølen. Legevaktsjef i Sunnfjord og Ytre Sogn, Øystein Furnes, viste til tal frå sitt legevaktdistrikt, og forklarte at såkalla «raud respons»-situasjonar, som spørsmåla fell innanfor, er oppgåver for AMK og ikkje legevakta.

Ordførar Frode Sulen seier at han føler at kommune- og helseleiinga fekk ut nødvendig informasjon, og han meiner møtet bidrog til å rydda vekk uklarheter.

– Hensikta med møtet var å informera. Det store oppmøtet viser seg at det var på sin plass å ha ein slik informasjonskveld, seier Sulen.

12. februar 2014 skal Sauda kommunestyre ta ei endeleg avgjerd i saka.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.