*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
BRANN PÅ EIT KONTOR: Natt til søndag byrja det å brenne hos Eramet. Industrivernet og brannvesenet fekk raskt kontroll på situasjonen. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Regjeringa snudde i CO2-saka

Gav etter frå press frå industrien.

– Nå er eg veldig fornøgd, seier Bernt Jarle Dolmen, informasjonsdirektør ved Eramet Norway.

Torsdag blei regjeringspartia Høgre og Framstegsparti einige med sine to støtteparti, Venstre og Kristeleg Folkeparti, om eit budsjettforlik der dei trekker tilbake forslaget om å kutta i den nye CO2-kompensasjonsordninga.

Finansminister Siv Jensen (Framstegspartiet) la fram forslag til revidert budsjett fredag 8. november, eit forslag som inneheldt eit kraftig kutt i CO2-kompensasjonsordninga. Forslaget skapte harme i norsk industri, som har kjempa for ordninga sidan 2005.

Bernt Jarle Dolmen og andre representantar frå ferrolegeringsindustrien var denne veka i møte med fleire sentrale politikarar på Stortinget. Den siste veka har regjeringspartia blitt utsett for eit stort press frå den norske industrien.

– Eg trur at avgjerda om å snu er eit resultat av dette viktige arbeidet. Eg har inntrykk av at spesielt Venstre har hatt ei viktig rolle her. Sjølv føler eg at me har hatt god hjelp av dei lokale politikarane som har jobba mot sine folk på Stortinget, seier Bernt Jarle Dolmen.