*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
Vida Klementsen Grundvold (i midten) og Lise Klementsen Grundvold (til venstre) er på besøk i Sauda, og har som mange andre tilreisande nytta høve til å ta seg ein tur i utebadeanlegget. Annika Herheim Ramsnes bur i Sauda, og er ein av dei som ofte badar i dei utandørs bassenga. (Foto: Ingvild Rørtveit Myklebust)

Trekker mistillitsforslaget

Høgres Laila Stødle har ombestemt seg og trekker tilbake mistillitsforslaget mot ordførar Frode Sulen og rådmann Wictor Juul.

– Det blei høg temperatur i møtet, og i kampens hete sa eg ting eg ikkje ikkje såg rekkevidda av. Nå har eg bestemt meg for å trekka tilbake mistillitsforslaget, seier Høgres Laila Stødle.

Det var i møtet i administrasjonsutvalet tysdag føremiddag at høgrepolitikaren valde å fremma mistillit mot kommuneleiinga. Stemninga i det alt anstrengte møtet var på botn då det braut ut krass ordveksling mellom Stødle og Sulen då temaet gjekk på personalpolitikk og arbeidsgivaransvar.

I dag, torsdag, hadde Stødle bestemt seg for å trekka tilbake mistillitsforslaget.

– Nå skal me jobba med kommunen sine strategimål knytt til personalpolitikk og arbeidsgivaransvar. Då er det lite konstruktivt å bruka tid på å diskutera mistillit, seier Stødle.

Ordførar Frode Sulen utelukkar ikkje at han vil forfølga saka.

Les meir i papirutgåva fredag.