– Dette vurderer me å få til i Sauda – uavhenging av om legevakta blir verande i Sauda eller om ho blir lagt til Ølen, presiserer Aslaug Tangeraas, prosjektleiar for det interkommunale helsesamarbeidet mellom Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord.
I samband med haustens debatt rundt legevaktflyttinga har det blitt retta eit ekstra fokus mot den lokale ambulanseberedskapen. Ryfylke har kontakta Helse Fonna og spurt klinikkdirektør Anne Hilde Bjøntegård om det finst eventuelle planar om utviding eller endring av ambulansetenesta i Sauda. Det gjer det ikkje, men helseføretaket og kommunane ser på ei muleg oppretting av ei lokal utrykkingsgruppe.
– Ut ifrå plan om endra legevaktorganisering skal me saman med kommunane gjennomføra ein analyse av ambulansedrifta. Her vil det vera naturleg å sjå på utviklinga av ”first respondere”, det vil seia utrykkingsgrupper i kommunal regi, og samarbeid for å sikra rett rekvirering av ambulanse, fortel Bjøntegård.
Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.