ENDA I GRØFTA: Serbarane sin ville flukt gjennom Haugalandet enda brått i den krappe svingen i Lona i Sauda. Medan ranarane rømde til skogs til fots, kunne politiet henta ut ransutbyttet, klokker til 2,5 millionar kroner, frå ransbilen. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)
ENDA I GRØFTA: Serbarane sin ville flukt gjennom Haugalandet enda brått i den krappe svingen i Lona i Sauda. Medan ranarane rømde til skogs til fots, kunne politiet henta ut ransutbyttet, klokker til 2,5 millionar kroner, frå ransbilen. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Dømt til fengsel i tre og eit halv år

Serbarane rana Lervik Ur i Haugesund og laga drama i Sauda.

Haugaland tingrett dømte måndag dei tre serbarane på høvesvis 35, 38 og 45 år, til fengsel i tre år og seks månader, og til å betala 40 800 kroner til urmakarbutikken og 551 230 kroner til forsikringsselskapet.

Det var 8. juni i år at dei tre serbarane rana urmakarbutikken Lervik Ur i Haraldsgata i  Haugesund. Klokka var cirka 10.40 då dei tre ranarane, ikledd finlandshetter, tok seg inn i urmakarbutikken og retta ein pistol mot Karsten Andre Lervik, sonen til innehavar Knut Lervik. Ranarne knuste fleire glassmonter og la ur ned i ein medbrakt bag. Etter cirka nitti sekund forlot dei butikken og stakk av i bil. Ransalarmen var utløyst, og politiet kom til staden.

Det blei sett i verk sperreplanar i politidistriktet, og fluktbilen blei seinare observert kjørande austover på E134 mot Sauda. I Saudasjøen blei bilen observert av ein politipatulje, som tok opp forfølgelsen gjennom Sauda sentrum og over Birkeland. Ferda enda til slutt i den krappe svingen i Lona, der ransbilen hamna i grøfta. Ranarane stakk av til fots, men blei etter fleire timars leiting funne og pågripne av politiet. To blei funne i skogen, medan dei tredje blei pågripen i sentrum då han prøvde å rømma ut frå Sauda på sykkel. Ransutbyttet, klokker til ein verdi på 2,5 millionar kroner, blei funne i bilen.

– Etter rettens vurdering blei ranet gjennomført på ein måte som viser at det låg planlegging bak og ei sterk vilje til gjennomføring. Det er ingenting i planlegginga og gjennomføringa av ranet som vitnar om trøtte og utslitne menn. Både ranet og flukta vitner om presisjon og gjennomføringskraft, sjølv om dei blei pågripne. Fluktruta som blei valt, underbygger at dei tiltalte var på veg austover og sannsynlegvis ut av landet. Fluktruta som blei valt er det eine av to alternativ som ikkje endar i ferjekai, og framstår derfor ikkje som tilfeldig og amatørmessig. Bare effektivt politiarbeid førte til at dei tiltalte ikkje kom lenger enn til Sauda, skriv retten i dommen.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her