– Det viktigaste er ikkje å få jobben, men å få muleghet til å vera med på å rekna på oppdraget. Viss andre er billegare enn oss er det heilt ok og bra samfunnsøkonomisk. Men det skal vera rettferdige prosessar rundt, seier Alf Jostein Årtun, dagleg leiar i AS Forskaling.
Statens vegvesen hadde i oktober 2009 kunngjort ein open anbodskonkurranse om drift- og vedlikehald av riksvegar, fylkesvegar og gang- og sykkelstiar langs riks- og fylkesvegar i fleire kommunar, deriblant Sauda. I april 2010 blei det inngått ein kontrakt med entreprenørselskapet Risa AS, som fekk jobben med å vedlikehalda vegane i Sauda. Kontrakt om asfaltarbeida blei inngått med NCC Roads.
Undervegs i desse åra blei det jobba aktivt politisk, både lokalt og på fylkesplan, med å få på plass finansiering til å bygga ein ny og sikker gang- og sykkelsti på Saunes, forbi Treaskjæret. Blant anna valde Sauda kommune å forskottera 2,7 millionar kroner til å bygga den 250 meter lange gang- og sykkelstien, med mål om å få fortgang i planane.
Hausten 2011 oppdaga Alf Jostein Årtun i saudafirmaet AS Forskaling at arbeidet med gang- og sykkelstien plutseleg blei sett i gang, utan at dei eller andre firma hadde fått muleghet til å tilby sine tenester knytt til arbeidet.
– Eg reagerte på at dette skjedde utan at arbeidet var sendt ut på anbod, og begynte å stilla spørsmål, fortel Årtun.
Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.