Wenche Hoftun i Leabøen barnehage
VIL AUKE NÆRINGSPOTT: Wenche Hoftun og Arbeidarpartiet fekk formannskapet med på å føreslå å auka næringsfondet Sauda Bedriftskapital. Om to og ei halv veke skal kommunestyret behandla 2014-budsjettet til rådmannen. (Arkivfoto: Arvid Horpestad)

Vil gi meir til næringsfondet

Formannskapet vil overføra 200 000 konsesjonskraftkroner til Sauda Bedriftskapital.

– Me synest det er viktig at me aukar potten i dette næringsfondet slik at me får ein endå større sjanse til å utvikla ny næring og nye arbeidsplassar i Sauda, seier Wenche Hoftun, gruppeleiar for Arbeidarpartiet.

Arbeidarpartiet sitt tilleggsforslag knytt til økonomibudsjettet til rådmannen fekk fleirtal under møtet i formannskapet sist onsdag. Partiet føreslo å bruka 200 000 kroner frå konsesjonskraftavtalen med Saudefaldene til å auka næringsfondet Sauda Bedriftskapital frå 800 000 kroner til ein million kroner.

– Viktig å ikkje bruka alle konsesjonskraftpengane på drift, men også setta av til næringsutvikling, kommenterer Hoftun.

Høgres Ivar Tangeraas ønska også å auka næringsfondet, men ville henta pengane frå ein annan stad. Forslaget hans om at kommunen melder seg ut frå Ryfylke IKS og heller bruker dei 300 000 medlemskronane der til næringsfondet fekk bare hans og partifelle Laila Stødle si stemme.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.