MØRKT: Like før klokka 08.00 onsdag morgon gjekk straumen i heile Sauda. (Foto: Marita Ims)
MØRKT: Like før klokka 08.00 onsdag morgon gjekk straumen i heile Sauda. (Foto: Marita Ims)

Sauda gjekk i svart

Heile Sauda blei mørklagt onsdag morgon.

– Kapasiteten blei overbelasta, fortel direktør ved Aktieselskabet Saudefaldene, Svein Ilstad.

Like før klokka 08.00 onsdag morgon, då folk gjorde seg klare for barnehage, skular og jobb, gjekk straumen i heile Sauda. Etter fem minutt kom straumen tilbake.

Årsaka til det store straumbrotet har samanheng med at Statnett denne veka gjer ein jobb på 300 kilovoltslinja inn mot Sønnå kraftverk. Arbeidet har pågått sidan måndag.

– Dette har ført til redusert linjekapasitet på kraftverka ut frå Sauda, og har gjort at me ikkje har kunna kjøra kraftverka våre på fullt. Nå, med mykje tilsig og smelting, har me måtta veksla på å stoppa eit aggregat og kjøra eit anna. Dette har ført til at kapasiteten i nettet har blitt overbelasta. Likevel, dette skulle ikkje ha skjedd, seier Ilstad.