*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
ETTERSPURDE VARER: I butikken sin, Meaws thaimat, vil Sa-Ngiam Manjit selga ei rekke thailandske matvarer, som er etterspurt av både utanlandske og innfødde saudabuar.

Opnar thaibutikk – og kjøkken

Sa-Ngiam Manjit sa opp jobben sin for å satsa på sal av thaimat på fulltid.

– Målet mitt er å komma i gang før nyttår, seier Sa-Ngiam Manjit.

Den thailandske kvinna, som har budd i Sauda i 13 år, opnar om kort tid eit kjøkken og butikk i Kyrkjegata. Dei siste tre–fire åra har ho drive cateringselskapet Meaws thaimat frå kjøkkenet heime på Nesøyra og kombinert dette med full jobb som reinhaldar. I haust sa ho opp jobben sin for å satsa for fullt på matlaging.

Grunnarbeidet med å klargjera for bygging er alt unnagjort på den kommunale tomta mellom ”subarubua” og Ryfylke Elektro. Om få dagar startar sjølve reisinga av eit 32 kvadratmeter stort bygg, sett saman av kontainermodular. Her blir det halvt og halvt med kjøkken og butikk.

– Eg ser føre meg å halda ope kvar dag dei første månadene for å sjå kor stor interessa er for thaimat. Deretter vil eg sjå an behovet, seier Manjit, som vil vera einaste tilsette i bedrifta.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.