*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
FORNØGDE: Fabrikksjef Kåre Bjarte Bjelland (frå venstre), rektor Nils Petter Sand og kontaktlærar Odd Kåre Håvik, her samla i øvelsespumperommet ved Sauda vidaregåande skule, er letta over at fylket valde å ikkje legga ned VG2-klassen komande skuleår.

Fylkestinget freda truga saudalinje

Fortsatt VG2 kjemiprosessklasse i Sauda.

– Eg har hatt dårlegare dagar på jobb, ja, humrar rektor ved Sauda vidaregåande skule, Nils Petter Sand torsdag føremiddag.

Onsdag denne veka blei det klart at fylkestinget i Rogaland fredar VG2 kjemiprosessklassen i Sauda. Same klasse ved Karmsund vidaregåande skule blir derimot lagt ned frå og med skuleåret 2014/2015. Begge skulane har i inneverande skuleår hatt ein halv klasse VG2 kjemiprosessfag.

Administrasjonen i Rogaland fylkeskommune føreslo å legga ned den halve VG2 kjemiprosessklassen ved Sauda vidaregåande skule frå hausten av neste år. Forslaget blei blant anna grunngitt med at det er for få lærlingplassar, spesielt i Sauda. Det fekk sjef ved smelteverket Eramet i Sauda, Kåre Bjarte Bjelland, til å reagera.

– Direkte faktafeil. Me måtte engasjera oss og me blei aktive, nærast hyperaktive, i saka, fortel Bjelland.

Fylkestinget i Rogaland gjekk også inn for å oppretta ein ny VG2 transport og logistikk-klasse i Sauda. Med dette vil skulen i Sauda ha heile tre klassar med denne transportutdanninga.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.