*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
TRUR PÅ ANALYSE: Prosjektleiar for dei interkommunale samarbeidet, Aslaug Tangeraas, meiner det er viktig at ein får fram kva konsekvensar både dagens legevaktordning og ei eventuell flytting vil få. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Legevaktavgjerda er utsett

Vil vente på resultatet av risiko- og sårbarheitsanalysen.

– Det er viktig at vi får alle fakta på bordet slik at vi kan ta ei mest muleg rett avgjerd for innbyggarane i Sauda. Denne analysen var det Sauda kommune som tok initiativ til og dei andre kommunane var einige om at dette var ein god idé. Analysen vil seie noko om kva konsekvenser ei eventuell legevaktflytting kan få for både innbyggarar og legar, men mest for innbyggarane, seier ordførar i Sauda kommune, Frode Sulen.

Ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) har som mål å kartlegge sannsynlegheit og konsekvensar av uønska hendingar. Ut frå desse opplysningane kan ein prioritere risikoområde og planlegge tiltak for å redusere konsekvensane av desse viss dei skulle oppstå. Analysen er i hovudsak ei kvalitativ risikovurdering og er bygt på fagleg skjønn og erfaring.

– Det har vore viktig at dei som skal gjere analysen er eksterne og såleis nøytrale, framhevar prosjektleiar for det interkommunale helsesamarbeidet, Aslaug Tangeraas.

Agenda Kaupang alt i gang med ROS-analysen som er bestilt av dei fire kommunane som er aktuelle i eit eventuelt legevaktsamarbeid.

Resultatet skal vere klart 1. februar. I utgangspunktet skulle kommunestyret behandle legevaktspørsmålet 12. februar. Denne avgjerda må nå utsettast, då politikarane treng lenger tid for å sette seg inn i analysen.

– Vi utset denne diskusjonen til kommunestyremøtet 9. april, kommenterer ordførar i Sauda kommune, Frode Sulen.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.