– Vogna og systemet fungerer betre enn me håpa på. Og ennå har me meir å gå på. Nå ligg flaskehalsen andre stader i produksjonssystemet vårt. Med ytterlegare forbetringar kan me nok auka produksjonen vår med nye 10 prosent meir enn i dag, seier Peter Cowx, prosessansvarleg for Manganese Oxygen Refining-anlegget, også kalla MOR-anlegget, ved smelteverket.
MOR-anlegget ved smelteverket til Eramet i Sauda har det siste året sett fleire produksjonsrekordar. Alt i desember i fjor, like etter at den nye eigenutvikla lavblåsevogna blei sett i drift, kom den første vekerekorden og døgnrekorden. I løpet av 2013 har rekordane kome på løpande band. Nå går det mot ny årsrekord.
– Dette blir ”all time high” når det gjeld MOR-produksjonen vår. Eit effektivt og godt produksjonsår for MOR, konstaterer ein fornøgd verksdirektør, Kåre Bjarte Bjelland.
Med eit nytt reinsystem og den nye vogna har Eramet i snitt auka døgnproduksjonen med 10 prosent.
Årets produksjonstal vil knusa den tidlegare årsrekorden, sjølv om omn 12 står nå i desember som følge av ein omfattande omforingsjobb.
Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.