*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
SNUR: Sosialistisk Venstreparti, som ”alltid” har vore aktiv motstandar av Etnevegen, har nå gjort heilomvending og vil kjempa for vegprosjektet saman med resten av dei politiske partia i Sauda. Partiets kommunestyremedlem Eli-Jorun Tangeraas meiner tida var inne for meiningsending i partiet.

SV snur i Etneveg-saka

Partiet skiftar syn i si tidlegare kampsak.

– Det var ikkje så veldig vanskeleg å bli einige. Me innser at det er nye tider og at me må tenka nytt, seier Eli-Jorun Tangeraas, kommunestyremedlem for Sosialistisk Venstreparti.

Lokalpartiet blei tidlegare i haust einige om å endra sitt syn på planane om å bygga ein heilårsveg mellom Sauda og Etne. Nei til bygging av Etneveg har i alle år vore ei av partiet sine kampsaker, og medan dei andre partia i Sauda har kjempa for vegen, har SV heller ønska ei utbetring av vegen mellom Sauda og Knapphus. Nå vil også SV sjå mot nabokommunen i aust, Etne.

Årsaka til heilomvendinga er, ifølge Tangeraas, den siste tidas store utvikling innan interkommunalt samarbeid og styresmaktene sine signal om mulege framtidige kommunesamanslåingar.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.