*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
PLAN: Det er einstemmig vedteke i kommunestyret at Åbø 2 og alle dei andre kommunale bustadane skal kartleggast i ein ny boligsosial plan for Sauda.

Vil utarbeide boligsosial plan

Politikarane er samde om at Sauda treng eit betre overblikk over situasjonen i kommunen.

Til økonomiplanen 2014-2017 vart det føreslått at det skulle settast i gong utarbeiding av ein boligsosial plan. Forslaget vart framlagt av Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre, og vart einstemmig vedteke.

– Så vidt me veit finst det per dags dato ingen plan over kommunale sosialbustader – og viss det er ein, er denne veldig gamal. Å utarbeide ein ny snakka me om alt då eg var ordførar, men me kom aldri så langt, seier varaordførar Laura Seltveit (AP), som meiner at det er behov for ein slik plan i Sauda.

Erik Baust, leiar i Nav Sauda, er svært positiv til politikarane sitt vedtak.
– Me har ikkje ein ordentleg boligsosial plan slik det vert forventa. I arbeidet med å utarbeide planen skal behova i kommunen gjennomgåast og kartleggast. Eg føler me har god oversikt over situasjonen i dag – det er fordelen med ein liten kommune. Men når me får ein systematisk plan er det likevel enklare å forbetre der det trengst, seier han, og støttar politikarane sitt mål om å legge til rette for at det berre skal vere to til tre sosiale bustader på same plass.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.