*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
FÅR NY LEIAR: Snart vil ein ny avdelingsleiar hjelpa dei sju legane som jobbar ved Sauda legesenter med viktig administrativt arbeid. Frå venstre: Fatima Anjum, Anne Ruth Syrtveit Mikalsen, Inga Cecilie Sørheim, Flemming Moesgaard, Kristine Kaatorp (turnuslege), Barbro Saltnes og Win Min Oo (vikarlege).

Seks vil bli avdelingsleiar

Legane ved Sauda legesenter får snart ein eigen sjef.

– Me vil komma i gang med intervju av kandidatane så snart som muleg, opplyser Berit Haustavik, einingsleiar ved Helsesenteret i Sauda kommune.

I oktober i år la revisjonsfirmaet KPMG fram ein rapport som retta kritikk mot Sauda kommune for måten Sauda legesenter var blitt drifta dei siste åra. Revisjonsfirmaet kritiserte kommunen for å vera altfor dårlege på rolle- og ansvarsfordelingar, som ikkje har vore tydeleg nok avklart, formalisert og kommunisert overfor dei involverte ved legesenteret. Rapporten avdekka med dette eit tydeleg administrativt behov. Kort tid etter av rapporten blei gjort kjent valde Sauda kommune å lysa ut ei avdelingsleiarstilling ved legesenteret.

Då fristen gjekk ut i slutten av november hadde fem søkarar meldt seg. Ønsket om fleire søkarar gjorde at søknadsfristen blei utvida til 18. desember. I løpet av dei tre vekene i desember valde ein av søkarane å trekka seg, medan det kom inn to nye.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.