På veg mot EM

13 ToppVolley-elevar vidare i EM-kvalikken.

Sju gutar frå ToppVolley-linja til Sauda vidaregåande skule var nyleg i England for å spela kampar for juniorlandslaget gutter 20. Laget vann begge kampane, og er med dette kvalifisert til andre runde i EM-kvalikken, som går i Romania 24. – 27. april. Laga juniorlandslaget då vil møta er Spania, Danmark og Romania. Trenar for juniorlandslaget er Harura Indo, som jobbar som trenar ved ToppVolley-linja i Suldal.

Også juniorlandslaget jenter U19 er vidare i EM-kvalikken. Nyleg var dei i Sverige og fekk andreplassen i si turnering, der dei slo Sverige og England, men tapte for Latvia. Andre runde for U19-laget blir spelt i Kroatia, også det i tidsrommet 24. – 27. april. Motstandarar blir Tyrkia, Kroatia og Portugal. På U19-landslaget er det i dag seks jenter frå ToppVolley-linja. Magnus Borge Johansen trener laget, og han er også trenar på ToppVolley-linja til Sauda vidaregåande skule på Sand.