*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
TO FILMAR: Avisa Ryfylke tok ikkje heilt av då innspelinga av ”Vestavind” starta våren 1992, men hadde ei sak på førstesida 26. juni dette året. Meir blest var det då filmen ”Få meg på, for faen” blei spelt inn i 2010. Sidan har ikkje Sauda kommune eller andre brukt filminnspelingane for å marknadsføra Sauda. (Faksimile: Ryfylke 1992 og Ryfylke 2010)

Reklameverdien som aldri kom

Kor blei det av den store reklameverdien etter at Sauda var lokasjon for filminnspelingane til ”Vestavind” og ”Få meg på, for faen”?

Både kommune-leiinga og næringstoppen var i ekstase då filmselskapet Motlys i 2010 la store delar av innspelinga av filmen ”Få meg på, for faen” til Sauda.

– Veldig spennande. Dette er inga lita innspeling og vil bidra til å setta Sauda på kartet, sa dåverande ordførar Laura Seltveit til Ryfylke.

I same artikkel sa Sauda Vekst-sjef Inge Løyning at han trudde filminnspelinga kunne utnyttast til viktig saudareklame.

– Sjølv om Sauda ikkje blir namngitt i filmen, kan me fortella omverda at det er Sauda som er settinga i filmen. Det kan me bruka til reklame seinare, sa ein engasjert Løyning.

Det er snart fire år sidan filmen, som hadde premiere hausten 2011, blei spelt inn  sommaren 2010. Sauda har i løpet av desse åra aldri brukt filmen i eiga marknadsføring.

– Kva skjedde med marknadsføringa, Løyning?

– Det er aldri godt å vita korleis ein film blir. Det viste seg at Sauda ikkje blei særleg synleggjort i denne filmen, der fokuset var mest på historia og ikkje plassen, seier Sauda Vekst-leiaren, som sjølv hadde ei birolle i filmen.

I ”Få meg på”-filmen blei bygdene der hovudrolleinnehavaren budde og gjekk på skule framstilt som temmeleg trauste, gammaldagse og lite moderne, både i kulissval og i haldningar og meiningar i det fiktive lokalsamfunnet. Dette trass i at settinga i filmen var i nåtid, altså i 2011.

Også nåverande varaordførar Laura Seltveit må innrømma at Sauda ikkje har tent marknadsmessig på filminnspelinga som blei gjort i 2010.

– Blei Sauda sett på kartet, Seltveit?

– Det blei nok ikkje den store blesten om Sauda, nei, vedgår varaordføraren.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her