– Sonor i Sauda er det einaste amatørkoret eg seier ja til. Dei er eit hyggeleg kor, utan intriger og grupperingar, og eit kor eg er blitt godt kjent med og glad i, seier Anne Randine Øverby, som også har bidratt med instruktørhjelp under saudakoret sine tidlegare førestillingar ”Musikal-i-tet” og ”Hørt ‘an før”.
I 1988 blei Anne Randine Øverby Norges første kvinnelege operadirigent. I dag jobbar ho som operadirigent og operaprodusent i Bergen og reiser verda rundt og tar dirigentjobbar. Ho har blant anna dirigert opera i Wien, i Praha, i Roma, i New Orleans og i Kina. Og nå altså cabaretmusikalen til amatørkoret Sonor i Sauda.
– Eg synest sonormedlemmene er flinke og lærevillige, og legg ned mykje arbeid og tid i eit slikt prosjekt som dette. Det imponerer meg, innrømmer Øverby.
Neste fredag er det premiere og sidan går det slag i slag med til saman åtte førestillingar over to helgar.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her