*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
I SAUDA: I desember var elevar frå Den norske filmskolen i Sauda for å synfara Eramet sitt smelteverk. Frå venstre: Regissør Martin Kyllingmark, fotograf Roar Midtlien, produsent Stian Tveiten og produksjonsdesignar Hailey Rubottom Flood. Lyddesignar Nils Are Viken var ikkje med på biletet. (Foto: Roy Nordhagen)

Nytt filmteam på veg til Sauda

Eramet og Sauda er kulissane når elevar frå Den norske filmskolen lagar film som har premiere under Amanda-festivalen i august.

– Me blei bergtatt av fjella. Kombinasjonen av industri og flott natur gjorde at me valde å legga filminga til Sauda, seier Stian Tveiten, elev ved filmskulen og produsent for den planlagde eksamensfilmen, som førebels har arbeidstittelen ”Stål”. Eller ”The Furnace” på engelsk.

Verksdirektør ved Eramet Sauda, Kåre Bjarte Bjelland, fortel at den norske erametavdelinga blei kontakta av Den norske filmskolen på Lillehammer for fleire månader sidan. I utgangspunktet vurderte elevane i hovudsak å filma inne på smelteverket i Porsgrunn, då dette ligg nærare skulen. Eit besøk i Sauda i desember endra derimot på planane.

– Det er kjekt for Eramet at smelteverket og Sauda er ein ønska stad for innspeling av ein film som er eksamensoppgåve for ei gruppe ambisiøse, unge filmskaparar, seier Bjelland stolt.

Produsent Stian Tveiten fortel at det er ein lang prosess å velga filmlokasjon.

– Me sit gjerne med mange alternativ. Det er mange ting som må klaffa. Eramet stilte seg positive og Sauda kom best ut, seier filmskuleeleven.

Filminnspelinga startar i mars. Filmskulen kjem då til Sauda med eit team på 15-20 personar, i tillegg kjem sjølvsagt dei profesjonelle skodespelarane som skal ha roller filmen. Tveiten vil førebels ikkje offentleggjera rollelista.

– Men me bruker kjente og etablerte norske skodespelarar, opplyser han.

Eksamensfilmen skal vera ein kortfilm på maks 25 minutt og handlar om forholdet mellom ein far og hans tenåringsdotter, som har glidd frå kvarandre, men der faren får henne inn i livet sitt igjen. Ifølge Tveiten vil filminga truleg skje både inne på smelteverksområdet og andre stader i Sauda. Kor er ennå ikkje bestemt.

Les meir i papirutgåva eller last ened eavis her