– Me treng å belysa alle sider knytt til legevaktsituasjonen før me tar ei avgjerd, seier ordførar Frode Sulen.
Diskusjonen om legevakta i Sauda skal flyttast til ei interkommunal eining i Ølen eller forbli i Sauda har rast i fleire månader. Medan styringsgruppa og fagfolk argumenterer for ein legevaktsentral i Ølen, har mange saudabuar eit sterkt ønske om å få behalda dagens legevakt i Sauda, som før. I ein artikkel i Ryfylke tysdag denne veka etterlyser senterpartipolitikar Eirik Birkeland at også andre alternativ blir belyst. Han ønsker at det blir undersøkt kva som eventuelt kan gjerast for å betra dagens legevaktsituasjon i Sauda.
Ordførar Frode Sulen er einig med Birkeland og tar grep for å følga opp saka. Han har nå bedt rådmann Wictor Juul og admnistrasjonen i kommunen om å førebu ei ny legevaktsak til kommunestyret. Sulen ber om at det blir undersøkt kva som eventuelt kan gjerast for å behalda legevakta i Sauda.
Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.