*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
NYTT FIRMA: Svandalen Utvikling AS skal bygga ut resten av hyttefeltet Svandalen Fjellgrend, der 25 hytter alt er bygt. Fem lokale firma samarbeidet om dei neste byggetrinna i området. Frå venstre: Asle Rafdal (Ryfylke Bygg), Endre Storli, Alf Jostein Årtun (AS Forskaling), Arild Bergstuen (Ryfylke Elektro) og Ole Reidar Ljung (Sauda Varme & Bad).

Etablerer nytt utviklingsselskap

Svandalen Utvikling AS skal bygga 70 hytter og 100 leilligheter dei komande ti åra.

– Arbeidet utgjer 280 000 arbeidstimar og sikrar nær 16 arbeidsplassar i ti år framover, seier Asle Rafdal, dagleg leiar i Ryfylke Bygg AS og i det nyetablerte selskapet Svandalen Utvikling AS.

Svandalen Utvikling AS er eit samarbeid mellom dei fem saudabedriftene Ryfylke Bygg AS, Sauda Varme & Bad AS, Ryfylke Elektro AS, murmeister Endre Storli og AS Forskaling. Det nyetablerte firmaet består av saudafirma som dei siste fire-fem åra har hatt eit tett og nært samarbeid knytt til hyttebygging i Svandalen, der dei saman har bygt 25 hytter i Svandalen Fjellgrend. I spissen for selskapet står byggfirmaet Ryfylke Bygg, som er hovudaksjonær og har dagleg leiar-rolla i bedrifta. Det nye utviklingsselskapet er blitt etablert som følge av at lokale krefter nå tar over utbyggingsrettane knytt til Svandalen Fjellgrend.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.