*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
KOM SEINT: Storebroren til Odd Wiik (biletet), Willy Aleksander Wiik, var krigssiglar under andre verdskrig og blei heidra for innsatsen sin post mortem. Først denne veka, 26 år etter at Kong Olav V signerte diplomet, blei medaljen gitt til familien.

Frihetsmedaljar funne etter opprydding

I 1988 kunngjorde Kong Olav at fem saudabuar fekk frihetsmedaljar for sin krigsinnsats. I 2014 blei medaljane funne i ein plastpose på Rådhuset.

– Eg fekk sjokk. Å få vita dette først nå, 26 år etter, er sjokkerande og vondt, seier Odd Wiik.

Odd Wiik er bror til Willy Aleksander Wiik, som var ein av dei fem krigssiglarane frå Sauda som i 1988 blei tildelt ”Haakon den VIIs Frihetsmedalje” post mortem. 22. april 1988 signerte Norges dåverande konge, Kong Olav V, diplomet som fulgte med frihetsmedaljen. På diplomet står det at Wiik får medaljen for ”særleg lang og innsatsfylt tjeneste på norske og/eller allierte handelsskip under verdenskrigen 1939 – 45 og derved ytet Norges sak store tjeneste”.

Måndag denne veka fekk Wiik telefon frå leiar av Kundetorget i Sauda kommune, Solfrid Handeland. Då ho fekk stadfesta at Willy Aleksander Wiik var bror hans, kunne ho fortella at fem frihetsmedaljar nyleg var funne under opprydding på Rådhuset. Det viser seg at medaljane, som altså var kunngjort utdelt i 1988, var sendt til Sauda kommune i 1990 for utdeling til dei avdøde krigssiglarane sine pårørande og familie. I eit følgebrev frå Fylkesmannen i Rogaland blir det bedt om at kommunen gir fylkesmannen ei melding når overrekkingane har funne stad. Men ingen pårørande blir varsla, og overrekkinga skjer aldri. Medaljane og diplomane blir liggande, i ein plastpose på Rådhuset, og blir gløymt vekk i fleire tiår. Om fylkesmannen nokon gong purra på ei tilbakemelding er uvisst.

Lers meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.