SVART: I skogområdet, som ligg mellom Lona og avkjørsla til Fiveland, nær informasjonstavla, er fleire mål med skog svartsvidd etter ein skogbrann natt til laurdag. (Foto: Ingvil Bakka)
SVART: I skogområdet, som ligg mellom Lona og avkjørsla til Fiveland, nær informasjonstavla, er fleire mål med skog svartsvidd etter ein skogbrann natt til laurdag. (Foto: Ingvil Bakka)

Mystisk skogbrann – uvisst kva som har skjedd

Korleis brannen starta og slokna er ikkje kjent.

– Me synest det er veldig rart, og forstår ikkje kva som har skjedd eller korleis brannen har blitt sløkt, fortel brannmeister Inge Seim.

Måndag blei Seim varsla om at eit større skogområde mellom Lona og avkjørsla til Fiveland var svartsvidd etter ein skogbrann. Seim har vore området og kikka, og vil i morgon, tysdag, undersøka området ilag med politiet.

Etter det brannmeister Seim har forstått må brannen ha starta ein gong etter fredag kveld, mest truleg natt til laurdag. Han anslår at minst eit par mål er svartsvidd etter brannen. Brannområdet ligg på høgresida av bilvegen om ein kjem frå Lona, og breier seg over ein fjellknaus og vidare oppover vekk frå vegen.

Kva som har starta brannen og korleis den har stoppa er eit mysterium.

Fredag, då brannen mest truleg starta, var det framleis tørt i terrenget og svært brannfarleg. Andre brannar i Norge den siste tida har utvikla seg til storbrannar som har medført store øydeleggingar på både terreng, bustadhus og andre bygg.

Seim er ikkje i tvil om at dette kunne gått ille.

– Flaks at dette ikkje har fått utvikla seg, seier brannmeisteren.