– I medieverda, og også hos Ryfylke, er det slik at saker knytt til dramatiske hendingar får mest oppmerksomhet, seier Linda Merethe Lie, redaktør og dagleg leiar i avisa Ryfylke.
Den mest leste nettsaka i 2013 var den første saka som blei lagt ut då ei kvinne blei funne livlaus i hamnebassenget i Sauda fredag 19. juli. Nettsaka, som blei lagt ut klokka 23.00 om kvelden, fekk etterkvart heile 4 026 unike treff. Fleire oppdaterte saker knytt til hendinga er også blant dei mest leste nettsakene i 2013. Saka enda dessverre på verst tenkeleg vis, då kvinna døydde få dagar seinare.
Heldigvis er det ei gladsak som hamnar på andreplass på ”mest lest”-lista til Ryfylke. Onsdag 24. juli 2013 kunne Ryfylke fortella at fjordhotellet var selt. Hotellet hadde vore for sal i over eitt år, noko som heilt tydeleg bekymra saudabuen. Nettsaka hadde 2 670 unike treff.
6. juni 2013 blei Sauda åstad for ei dramatisk politijakt. Tre serberar, som hadde rana Lervik Ur i Haugesund for klokker til ein verdi av 2,5 millionar kroner, suste gjennom sentrum med politiet hakk i hæl. Biljakta enda i Lona der ransbilen hamna i grøfta. Fleire titals politibetjentar frå heile distriktet var i Sauda og leita etter ranarane, som rømte til skogs. Nettsaka ”Jaktar på væpna ranarar” hadde 2 339 unike treff.
I løpet av 2013 har 96 196 unike brukarar lest saker på nettsidene til Ryfylke. Totalt hadde nettsida 478 846 treff.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her