– Eg er heilt imot at legar skal kunna reservera seg. Dette vil etter mi meining kunna føra til at kvinner blir brukt som kasteballar i systemet, seier ordførar Frode Sulen.
Debatten rundt legars ønsker om å reservera seg frå å henvisa pasientar til abort har rast den siste tida. I dag har helsepersonell rett til å reververa seg mot å utføra eller assistera ved abort av samvitsgrunnar. Men, dagens regelverk gir ikkje legar mulegheit til å reservera seg mot å henvisa pasientar til abort, sjølv om dette skjer fleire stader likevel. I september i fjor inngjekk Kristeleg Folkeparti, Høgre og Framstegspartiet ein avtale som sikrar at fastlegar skal ha mulegheit til å nekta å henvisa kvinner til abort. Helseminister Bent Høie sitt forslag knytt til dette blei i sist veke sendt ut på høyring. I høyringsforslaget opnar Høie for at kommunane sjølv kan bestemma om legane i sin kommune kan reservera seg.
Avisa VG har gjennomført ei undersøking der dei har spurt alle landets ordførarar om dei vil la sine fastlegar få reservera seg mot å henvisa pasientar til abort.
Ordførar i Sauda, Frode Sulen, hadde ikkje svart på VG-undersøkinga, men valde å svara Ryfylke.
– Eg synest forslaget til regjeringa er hårreisande. Dette er eit komprimissforslag som aldri skulle vore inngått mellom regjeringspartia. Eg håpar at dette ikkje blir vedtatt, seier Sulen.
Les kva dei andre gruppeleiarane i kommunestyret meiner i papirutgåva eller last ned eavis her