Pressepris til operasjonsleiar

Trond Friberg blei heidra av journalistar i Skånevik.

Operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Trond Friberg, blei tildelt presseprisen under Haugesund journalistlag sin årlege vinterkonferanse i Skånevik i helga. Friberg får ros for å alltid møta journlistar på ein særdeles god måte og for å gjerne yta noko ekstra i kommunikasjonen med media.

– Det er ein motsetnad mellom den informasjonen media ønsker og den informasjonen politiet ønsker å gi. Det kan føra til konfliktar mellom det journalisten krev av openheit og innsyn og det behovet politiet har for å beskytta sitt faglege arbeid. Trond Friberg har den gode evna til å balansera dei to krava opp mot kvarandre. I tillegg til den vanlege, knappe politiinformasjon som kan publiserast, gir han også litt ekstra innsikt og bakgrunn i mange saker når det er nødvendig for den forståinga ein journalist må ha for å laga eit fullgodt produkt. På den måten viser han tillit til oss journalistar og til at våre eigne presse-etiske reglar fungerer, heiter det i grunngivinga frå juryen.

Friberg, som også er kjent for å skriva underhaldande og gode politiloggar, var tydeleg stolt av utmerkinga og samanlikna politiyrket med journalistyrket, då begge partar er på jakt etter sanninga.

– Det handlar om tillit. Det er ikkje noko du får, men noko du må gjera deg fortent til, og det går begge vegar, sa Friberg.

Prisen blei delt ut av leiar i Haugesund journalistlag, Rosa Iren Villalobos frå NRK Rogaland.