– Me er tilfreds med at me får gjort eit stort beslag av narkotika som heilt openbart var meint for sal, seier lensmann Randi Kalvik ved Sauda lensmannskontor.
Måndag kveld, i 19.30-tida, blei to saudamenn i tjueåra pågripne etter at politiet hadde funne store mengder narkotika i heimen til den eine av dei. Den eine mannen blei avhøyrt av politiet tysdag og sleppt fri etterpå, den andre blei forsøkt avhøyrt utan suksess. Sistnemde blei onsdag framstilt for varetektsfengsling, på bakgrunn av han også har fleire tidlegare saker på seg og fordi beslaget i bustaden hans var av eit større kvantum.
– Han blei varetektsfengsla i fire veker. Det var ei såkalla ”annet ledd”-sak, der grunnlaget er størrelsen på beslaget. Her var det nok narkotika til å driva vidaresal, seier Randi Kalvik.