*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
GODT BEVART: Bydelen Åbøbyen blei oppført i åra mellom 1915 og 1940 og er eit av landets best bevarte byanlegg frå denne tidsepoken. Dagens huseigarar er underlagt strenge byggereglar. Nå føreslår rådmannen at ein får på plass nye, tydelegare og meir moderne bygningsvernereglar i ”Amerikabyen”. (Foto: Ingvil Bakka)

Åbøbyen under lupa

Skal utarbeida nye og tydelegare byggereglar for det historierike bustadområdet.

– Me er opptatt av å ta vare på Åbøbyen. Og den beste måten å gjera det på er å ha folk buande der, seier rådmann Wictor Juul.

I kommunestyret sitt møte i morgon, onsdag, får politikarane saka ”Bygningsvern – Åbøbyen” på saklista si. Rådmannen føreslår at kommunestyret vel seks personar som skal sitta i ei såkalla ad hoc-gruppe som skal jobba med nye reguleringsbestemmelsar for Åbøbyen. Ønsket er at arbeidsgruppa presenterer forslag til nye bestemmelsar i løpet av hausten 2014.

Det er politikarane som har etterlyst meir fokus på retningslinjene for byggereglar i Åbøbyen. Bakgrunnen for dette er fleire signal om ulik behandling av byggesaker i det historierike bustadområdet. Medan enkelte huseigarar har gjennomført bygningstekniske endringar på husa sine utan å søka om løyve, har andre søkt og fått avslag. Andre igjen har måtta riva nybygg som er i strid med bygningsvern-reglane som blei utarbeidd på 1980-talet.

Administrasjonen såg i utgangspunktet føre seg å få på plass ei tilsynsordning for å halda skikkeleg kontroll på utviklinga i bydelen, men politikarane meinte at det er viktigare å få på plass tydelege retningslinjer.

Kommunen har tidlegare ikkje drive tilsyn med bustadene i Åbøbyen, men har føretatt enkelte kontrollar basert på meldingar om mulege brot på byggereglar.

I formannskapsmøtet nå i januar bad politikarane rådmannen om å førebu ei sak for kommunestyret, ei sak der det også blir føreslått kva mandat ad hoc-gruppa skal ha for dette arbeidet.

– Politikarane vil at det blir laga meir moderne reglar enn dei som blei laga på 1980-talet. I dag vil folk gjerne ha varmepumpe og garasje. Då må me endra på reglane, seier Juul.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her