– Bare vent, neste år tar eg deg, sa Kristian Ildstad til Øyvind Røgenes etter målpasseringa i årets Slettedalen rundt-renn sundag.
For, også i fjor stod kampen mellom den då 22 år gamle erfjordbuen og den ti år eldre saudabuen. Både i år og i fjor var det Ildstad som tok leiinga ut frå start. Ei gruppe på fem-seks løparar heldt sundag følge heilt inn til enden av sløyfe nummer to, lengst inn på Indrejordet. Då gjorde saudabuen Ildstad eit rykk.
– Eg hengde meg på. Han hadde betre glid enn meg og fekk nokre meter på meg i den siste nedoverbakken før mål. Men eg gav alt og tok han i den siste bakken opp mot mål, fortel Øyvind Røgenes, som vann med tida 1.02.14 – over seks minutt raskare enn vinnartida si i fjor.
I fjor var Kristian Ildstad 26 sekund bak Røgenes. I år var avstanden bare fire små sekund.
– Eg hadde langt betre ski enn i fjor, og trudde verkeleg eg skulle greia å ta han. Men han blei for sterk. Trøsta er at eg var nærare i år enn i fjor, seier Ildstad, som lovar Røgenes payback i Birkebeinerrennet seinare i vinter.
Øyvind Røgenes har nå to napp i vandrepokalen.
Kvinneklassen blei også i år vunne av 38 år gamle Karine Anette Orset Klæboe, som også var raskast av damene i 2013. Ho og lagvenninna, Anne Brit Skipevåg Tveit, også ho frå Vindafjord idrettslag, heldt følge heilt til det gjenstod fire-fem kilometer igjen til mål.
– Eg visste at ho er sterk i spurten og prøvde å gå ifrå henne. Ho hang på ei stund, men slapp etter kvart. Men eg var ikkje trygg før eg var passert målstreken, seier Klæboe.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her