– Eg går inn i stillinga med stor audmjukheit. Eg veit at eg har mykje å setta meg inn i, både teoretisk og praktisk, seier Hallgeir Amdal, nytilsett barnevernleiar i Sauda kommune.
Kommunen har slitt med å få på plass ein ny leiar av barneverntenesta etter at Heidi Fløgstad Rød sa opp stillinga si i fjor haust. Då stillinga blei lyst ut for andre gong nå etter nyttår, valde Hallgeir Amdal å søka.
– Eg har nå vore ti år i Nav, og begynner å bli såpass gammal at eg har lyst til å testa ut leiareigenskapane mine, seier Amdal.
59-åringen er utdanna sosionom og arbeider for tida som saksbehandlar i Nav med ansvar for langtidsoppfølging – ein jobb han har fått eitt års permisjon frå. I denne jobben har han i eitt år hatt rolla som nestleiar ved kontoret. Før han blei ein del av Nav-systemet i 2007, jobba Amdal fire år ved sosialkontoret i Sauda. Før dette igjen var han tilsett i Sauda Bedriftsservice i seks år. På midten av nittitalet var han tilsett i Sauda kommune, i ei stilling der han halvparten av tida jobba med sosialsaker, medan resten av arbeidet hans var knytt til barnevernet.
– Så eg er ikkje heilt grøn. Eg veit jo litt om kva eg går til, meiner Amdal.
Ettersom Hallgeir Amdal ikkje har sagt opp Nav-stillinga si, men bare søkt om permisjon, har han mulegheit til å tiltre i barnevernleiar-jobben på kort varsel. Alt 10. mars vil han vera på plass på sitt nye kontor oppe på Helsesenteret.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her