*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
FOLKEMØTE: Politikarane meiner at all informasjon om begge legevakt-alternativa må på bordet før folk eventuelt skal få uttala seg i ei folkeavstemming. Tuleg blir det eit nytt folkemøte om legevaktsaka i mars. (Arkivfoto frå folkemøtet i november: Ingvil Bakka)

Lanserer nytt folkemøte

Politikarane utsette avgjerda om ei muleg folkeavstemming.

– Det er viktig å la kunnskapen råda, sa Arbeiderpartiets Hallgeir Amdal då han tok ordet under legevaktdebatten i kommunestyret onsdag.

På saklista til kommunestyrepolitikarane denne dagen stod temaet legevakt og folkeavstemming, etter at 1 750 underskrifter med krav om dette blei levert til kommunen i desember i fjor. I administrasjonen sitt forslag til vedtak føreslo rådmann Wictor Juul at avgjerda om å halda ei folkeavstemmng blir utsett inntil ein ei potensiell ny, og lovleg, organisering av ei lokal legevakt i Sauda også er ferdig utgreia. Dette var alle politikarane einige i, også Framstegspartiets Jan Birger Eide, som har gått i bresjen for den lokale underskriftskampanjen.

I debatten lanserte Hallgeir Amdal forslag om eit tilleggspunkt i vedtaket.

– Me må høyra på alle argumenta, få alle fakta på bordet og ha ein ryddig debatt for å komma fram til ei løysing som er til det beste for bygda. Eg meiner det bør haldast eit nytt folkemøte når begge alternativa er klare, sa Amdal.

Tilleggspunktet blei einstemmig vedtatt, og rådmannen får i oppdrag å organisera eit slikt møte når begge legevakt-alternativa er klare, og før saka skal avgjerast i kommunestyret.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her