*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
JOBBAR MED LØYSING: Sauda kommune jobbar nå med å finna plass til dei ti småbarna som står på venteliste til å få barnehageplass i Sauda. Styrar i Brakamoen barnehage, Laila Stødle, og kommunalsjef oppvekst og kultur, Jakob Svandal, håpar at løysinga kan vera på plass rundt midten av mars. Ella Grannes-Valskår (til venstre) og Eline Heimark Søndenå, begge tre og eit halvt år gamle, går i Brakamoen. (Foto: Ingvil Bakka)

Muleg løysing i ventelistesaka

Jobbar med å skaffa barnehageplassar til dei ti som står på venteliste.

– Me skal finna ei løysing. Me har alt vore i kontakt med foreldra og har lova at me skal skaffa dei barnehageplass om kort tid, seier Jakob Svandal, kommunalsjef oppvekst og kultur i Sauda kommune.

Initiativet til å finna løysingar kom frå barnehagane, som alle opplever fortvilte foreldre som om kort tid ikkje har barnehageplass til sine barn. Ti barn i 0-2-årsalderen står i dag på venteliste for å få plass i ein av dei tre kommunale barnehagane i Sauda; Rustå, Veslefrikk og Leabøen. Tysdag denne veka var dei tre kommunale styrarane og styrar i privatdrivne Brakamoen barnehage, Laila Stødle, i møte med kommunalsjef Svandal.

I dette møtet blei det klart at det er lettast å få til ei løysing i Brakamoen barnehage.

Ei muleg løysing har vore å oppretta ei ny småbarnsavdeling i Brakamoen barnehage, og omorganisera andre avdelingar her ved å ta i bruk areal ved nå nedlagde Birkeland skule. Tanken var at dei ti nye småbarna vil få muleghet til anten å få fast plass i Brakamoen, eller å flytta over til den kommunale barnehagen dei har fått plass i når hausten kjem og hovudopptaka i saudabarnehagane skjer. Alle dei ti på ventelista fekk torsdag spørsmål om dei kunne vera interessert i ei slik løysing tilknytt Brakamoen barnehage.

– Nokon sa ja, andre sa nei og nokon bad om å få tenka på det. Men truleg sit me igjen med to til seks barn, seier Jakob Svandal.

Men, i går ettermiddag, signaliserte fleire pedagogar og tilsette ved Brakamoen barnehage skepsis til ei slik løysing, der små barn kan oppleva belastinga med å begynna i ny barnehage to gonger på få månader.

Dermed er det framleis mykje uvisst korleis kommunen skal løysa utfordringa med å finna plass til dei ti som nå står utan barnehageplass det komande halve året.

Administrasjonen i kommunen har fått ein to veker lang frist på seg til å laga eit nytt, forsvarleg tilbod som tilfredsstiller krava i barnehagelova, og til å presentera kva dette i så fall vil kosta kommunen. Politikarane skal ta stilling til saka i eit ekstraordinært formannskapsmøte 26. februar.

Les meir i papirugåva eller last ned eavis her