– Dette skjedde under knusing av metall i produktknusaren på kaien, då det tok fyr i støvet, forklarer Bernt Jarle Dolmen, informasjonsdirektør ved Eramet.
Han presiserer at dette ikkje er uvanleg, og at som regel tar smelteverket sitt interne brannvesen seg av slike brannar.
– Men dette var heilt på grensa, og me valde å kontakta brannvesenet. Men det var null dramatikk, seier Dolmen.
Ingen personar blei skadd, og det skal heller ikkje vera snakk om nemneverdige skader på utstyr. Ifølge Dolmen har hendinga ingenting å seia for leveransar og anna arbeid på fabrikken.