Vil tappa ned Førstavatnet

Ønsker å senka vasstanden med fire meter.

Saudefaldene har behov for å utføra arbeid på damanlegget i Førstadvatnet. Kraftselskapet ønsker difor å senka vasstanden med fire meter, og søker i det høvet om å få fråvika reguleringsbestemmingane for dette vatnet. Eit eventuelt løyve vil gjelda i tida mellom 1. mars og 1. april.

Sauda kommune melder i brev til Norges vassdrags- og energidirektorat at kommunen ikkje har  avgjerande innvendingar mot tiltaket. Kommunen peikar på at landskapet er slik at den omsøkte senkinga av vasstanden vil gjera at relativt store areal vert tørrlagde, men legg ikkje avgjerande vekt på dette momentet. Kommunen vurderer det vidare slik at den omsøkte nedtappinga vil bety lite landskapsmessig og estetisk. Skulle fiskebestanden eventuelt ikkje ta seg naturleg opp att etter nedtappinga, meiner kommunen at regulanten bør kunna påleggast tiltak som til dømes å setta ut yngel.