Raste på Ropeidvegen

Raste ut etter det kraftige regnveret.

Eine køyrefeltet på Ropeidvegen var sperra utetter føremiddagen i går, måndag. Ein hjullastar måtte koma på plass for å rydda unna dei store steinane som hadde rast ut etter det kraftige regnveret natta før.

Raset gjekk ikkje langt unna avkøyringa til ferjeleiet på Ropeid, i retning Sauda. Det er ingen meldingar om at raset trefte forbipasserande bilar. Steinane ramla ned i vegbanen på eit relativt oversiktleg strekke. Skilta som varsla hindring i vegbanen vart raskt sette opp.

Det kan elles synast som om det omtala regnveret fleire stader har fått mindre steinar til å falla ned i veggrøfta innetter Sauda. Ein stad hadde óg litt jord og kratt kome ned på vegen.