– Eit resultat av ein bevisst strategi. Det viser at det nyttar å verkeleg stå på i det viktige arbeidet med å auka opplaget, seier redaktør og dagleg leiar i avisa Ryfylke, Linda Merethe Lie.
I dag, tysdag, blei opplagstala for norske aviser offentleggjort. Tala angir gjennomsnittleg opplag per utgåve. Ryfylke sitt gjennomsnitlege opplag i 2013 var på 2 662 eksemplar. Dette er 103 fleire eksemplar enn i 2012 – året då Ryfylke gjekk ned med heile 97 eksemplar.
– Me var førebudd på nedgangen i 2012, men heile 97 i minus var eit slag i trynet. Me måtte ta grep og snu den negative trenden, fortel Lie.
Avisa, som har ei dekningsgrad på 95 prosent i Sauda, sette inn fleire stunt for å kapra nye abonnentar. Salskampanjen under avisas ”Jøye meg”-dag i september førte til over femti nye faste kundar. Også under ”Hyttefolkets dag” i november sikra ein aktiv og pågåande salskampanje at avis fekk tosifra fleire abonnentar i listene sine.
Opplaget i 2013 auka dermed med fire prosent samanlikna med året før.
Abonnementsansvarleg i Ryfylke, Bente Rasmussen, gler seg over at arbeidet ber frukter.
– Dette har me verkeleg jobba for. Det er kjekt, inspirerande og motiverande å oppleva at det nyttar å gjera ein innsats og stå på litt ekstra. Nå skal me ikkje kvila på laurbæra, men jobba vidare for å behalda alle abonnentane våre og prøva å auka opplaget ytterlegare, seier ho.
Lie karakteriserer dei positive opplagstala som ein lagsiger for Ryfylke.
– Alle tilsette har bidratt. Saman står me på for å laga ei best muleg avis som folk vil kjøpa. Alle tilsette har vore positive og bidratt til denne lagsigeren, seier Lie.
Blant LLA sine medlemsaviser er det Dag og Tid, den nynorske vekeavisa for kultur og politikk, som er årets opplagsvinnar. Avisa aukar opplaget med heile 450 eksemplar, ein auke på 4,9 prosent frå året før. Blant dei klassiske lokalavisene er det Søgne og Songdalen Budstikke som har høgaste opplagsauke, med 234 eksemplar i pluss – ein auke på 7,6 prosent.
Blant LLA sine over hundre medlemsaviser hamnar Ryfylke på ein fjortandeplass når avisene blir rangert etter opplagsauken i tal.
Les meir i papirutgåva fredag.