*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
NY ORGANISERING: Kommuneleiinga er fornøgd med korleis Olivia Obtinario har takla utfordringane med den daglege drifta av legesenteret, frisklivssentralen og fysioterapitenesta. Nå får ho også leiaransvaret for helsestasjonen. (Arkivfoto: Marita Ims)

Har tilsett einingsleiar

Olivia Obtinario blir sjef ved Sauda legesenter.

– Eg er klar over utfordringane ved Sauda legesenter, men går inn i stillinga med friskt mot. Eg håpar ikkje befolkninga og tilsette ventar på ein mirakelkur, men eg vil gjera så godt eg kan for å bidra til å gjennomføra nødvendige tiltak, seier Olivia Obtinario.

Operasjonssjukepleiaren, som blei tilsett onsdag denne veka, jobbar i dag som einingsleiar ved Åbøtunet bu- og behandlingsheim i Sauda kommune og har tidlegare jobba ved operasjonsavdelinga og poliklinikken ved Sauda sjukehus.

Kommunalsjef helse, Aina Olene Tveit, opplyser at det var ni søkarar til stillinga som einingsleiar ved Sauda legesenter.

– Obtinario har god ballast, både fagleg som sjukepleiar og med leiarerfaring og leiarutdanning, seier ho.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her